Jarnproduksjonen i ”Trøndelags historie”

 

 

I ”Trøndelags historie”, band 1 s 114 står det om jarnproduksjonsanlegga:

 

”Man kan dele dem i tre klart atskilte typer. Den typen som man fant på Heglesvollen, er karakteristisk for den eldste perioden, og de har vært i bruk fram til 500-tallet e. Kr. Så forsvinner denne teknologien brått og avløses av en helt annen teknologi på 600-700-tallet og varer fram til 1300-tallet. Det er ikke mulig å se noen likheter mellom disse produksjonsmåtene, så det er et klart teknologisk brudd. I tillegg er den nye teknologien langt mindre omfattende. Dette er anlegg som kunne drives av et par personer og der produksjonsmengden sjelden overskrider 10 prosent av et anlegg fra den eldste perioden.”

---

Side 117: ”Namdalen ser ut til å skille seg både fra Inntrøndelag og Sørtrøndelag. Her når produksjonen en topp på 600-700-tallet e. Kr. da produksjonen tilsynelatende har vært lav i resten av Trøndelag”.

---

”De som utviklet teknologien har sørget for å holde den innenfor visse grenser. .. Dette var ikke noe man kunne tilegne seg uten å gå i lang lære hos en læremester”

---

Side 133: Det meste av jernet må ha blitt sendt til andre områder”

 

Dette ser dramatisk ut. Det er vanskeleg å tenkje seg at lokale hendingar kan ha ført til bråstans i ein så omfattande og tradisjonsrik aktivitet i heile Trøndelagsområdet. No finst det imidlertid ein ganske detaljert beskrivelse av regionale hendingar i dette tidsrommet som ser ut til å kunne forklare både grunnlaget for jarneksporten, og bråstansen rundt 600-talet.

 

I ”Origin of the Scandinavian Nations and Languages”, s 613 (band 2) står det ei oppsummering av den nordgermanske ekspansjonen i Skandinavia (uautorisert omsetjing frå engelsk):

 

..... For praktiske formål kan ekspansjonsmønsteret beskrivast som ein sekvens av 7 hovudfasar A – G:  –

(A)  Den odinske perioden: Fyn - Central Sweden – Zealand - parts of Norway.

(B)   Ei rekkje dane-ekspansjonar.

(C)  Andre halvdel av 400-talet e.Kr. (Halfdan Hàvi): Öland – Skåne – Svealand, med Uppsala – Götaland – Hälsingland – deler av Noreg, f.eks.  Ringerike, Valdres og Møre.

(D)  Ca 500 e.Kr. (Friđleifr Hvati, etc.): Öland - deler av Noreg, f.eks.  Nidelvområdet (truleg i Trøndelag).

(E)  Første halvdel av 500-talet e.Kr. (Ále den mektige): Uppsala og, slik det ser ut, dei norske Opplanda.

(F)  Omkring midten av 500-talet e.Kr. (Fróđe den fredsæle og  vasallen hans, Eiríkr hin màlspaki): Jämtland – Hälsingland – Estonia – Courland – øyane langs Sverige, med Öland og Gotland – austre Dalecarlia – Lappland – Götaland –Värmland – Solør i Noreg – Finnland – søre og nøre Møre – Lier – fleire område i Sørnoreg – Rennesøy – gamle Finnmark – det indre av Noreg – Trøndelag med Trondhjemsdistriktet og Mære – sør- og vestkysten av Noreg så langt som til Hålogaland – Østerdalen – det gamle Alfheimar.

(G) Den etterfølgjande generasjonen: Beitstaden og Namdalen.

 

 

Samanfallet med 'krisa' og 'teknologibruddet' for jarnproduksjonen i Trøndelag er påfallande. At Melbergs verk er ukjent for forfattarane av Trøndelags Historie, forsterkar inntrykket av 'bekreftelse'.  Ei nærliggande tolking (A) kan vere følgjande:

 

  1. Presset frå den ekspanderande danestammen mot Sørskandinavia i tidsrommet 100 – 500 e.Kr. skapte eit stort behov for våpen. Danene fekk tidleg kontroll over den viktigaste svenske jarnproduksjonen.

 

  1. Dette skapte stor etterspørsel  etter jarnet frå Trøndelag.

 

  1. Siste halvpart av 500-talet vart Trøndelag invadert av nordgermanske flokkar, frå Jämtland av ’svensk-daner’ og frå kysten av ’nordvegsdaner’ i allianse med andre, vestgermanske flokkar.

 

  1. Danene var sjølforsynte med jarn – frå Sverige,  og ’eksport’marknaden forsvann. Den lokale jarnproduksjonen vart desimert.
  2. Om den nye ’småskala’produksjonsmetoden kom med innvandrarane, eller om det var ei lokal nyskaping, er kanskje vanskeleg å finne ut. Ei tilsvarande kartlegging av jarnproduksjonen i heile Skandinavia kan kanskje gi svar på dette.

 

  1. Namdalen unngjekk invasjonen til ut på 600-talet.

 

Den nordgermanske ekspansjonen i Skandinavia som Melberg beskreiv i 1945, med utfyllande dokumentasjon i tobandsverket "Origin of the Scandinavian Nations and Languages" i 1951, er stort sett ukjend, både i språk- historie- og arkeologimiljøa. Det ser ikkje ut til å vere noka interesse for å finne ut noko om 'farskapet' til dei Skandinaviske 'brødrefolka'. Trøndelags Historie er ikkje noko unntak i så måte. Sitat frå det redaksjonelle forordet (mi utheving):

"Trøndelag var i utgangspunktet navnet på området der trønderne bodde, og som etter hvert ble dekket av en felles lov"

Dette er ei merkverdig setning, men symptomatisk for lokalt fokus kombinert med 'patriotfilter.'

 

Norske og danske arkeologar har i løpet av den siste generasjonen framskaffa mykje materiale som burde kunne brukast for evaluering av ekspansjonshypotesen: "'Gard' und Einfriedigung" (Ottar Rønneset om Jæren),  "De kom i tusentall" (Mona Mortensen om Jæren),  "Herredømmet" (Dagfinn Skre om Romerike), "Settlement and organisation in a time of war and conflict"  (Jytte Ringtved i 'Anglo-Saxon Studies in Archaeology and History 10' om ufred i Sørskandinavia i folkevandringstida) og "The Ethnogenesis of the Danes and the Making of the Danish Kingdom" (Ulf Näsman  i 'Anglo-Saxon Studies in Archaeology and History 10' om Danmark).

 

Sørnorge

 

I artikkelen "Jernvinna på Østlandet i yngre jernalder og middelalder – noen kronologiske problemer", av Jan Henning Larsen, er det indikert ein 'diskontinuitet', der metode I (Ib) blir avløyst av metode II, utan overlapp, omkring 600-talet (Fig 1 i artikkelen). Denne artikkelen gir ikkje så eksplisitte opplysningar om produksjonsmengde, og evt bortfall av produksjon, som Stenviks artikkel, og det blir peika på usikkerhet i datering. Tidsrommet for denne omveltinga er imidlertid også i samsvar med Melbergs hypotese om innvandring/erobring.

 

 

 

Larsen, Jan Henning

Jernvinna på Østlandet i yngre jernalder og middelalder – noen kronologiske problemer.

2004

S.139-170

--

Yngre jernalder Middelalder

I Årboken Viking, Norsk arkeologisk selskap, Oslo, 2004.

 

Skandinavia?

 

Kva med jernproduksjonen i Midtsverige og Svealand frå ca 100 – 500 ? Var metode II-liknande metodar tekne i bruk der, tidlegare enn i Trøndelag og i Sørnorge? Dette vil muligens kunne gi svar på om metode II var ein lokal innovasjon (var det blåsebelgen som var det nye?), eller om den nye teknologien kom med erobrarane frå sør.

 

Etter å ha (skum)lese Gert Magnussons bok frå 1986, "Lågteknisk järnhantering i Jämtlands län" som indikerer:

..

  1. Ei liknande utvikling som i Trøndelag, med storskala produksjon før 600
  2. Metodeomlegging på 600-talet (?)
  3. Ingen spor etter storskalaproduksjon i Midtsverige – Dalarna i tidsrommet 300 – 600 (?)
  4. Hypotese om kopling mellom storskalaproduksjon i Jämtland og kolonisering frå sør.

..

kan det tenkjast at jarneksporten frå Trøndelagsområdet og Jämtland i like stor grad gjekk til den aggresive sida (tolking B), og ikkje berre til den defensive, slik eg først foreslo (tolking A). Det er vel ingen grunn til å tru at det var nærare samband mellom Trondheimen og Vika enn mellom Trondheimen og Jämtland i det tidsrommet?

 

Ivar Fylling 31.12.2005/10.2.2006/9.5.2006/20.06.2006