Drog dei første vikingane til Vika?

Så vidt eg veit finst det inga eintydig forklaring på opphavet til ordet ’viking’. Frå å bety ’røvartokt’ i dei gamle islandske skriftene, har ordet på eitt eller anna vis samla prestisje, og det har no bortimot heroisk klang. I historietimane på 50-talet var dei vikingar fordi ’pionervikingane’ kom frå Vika. Denne forklaringa har eg ikkje sett i seinare tid. Andre forslag til forklaring som eg har sett:

  • Røvarane låg på lur med skipa sin i høvelege ’vikar’.
  • Dei utførte lynangrep for så å ’vike’ tilbake før motstanden vart for sterk.
  • Dei la ut på så lange sjøferder at dei måtte ha to skift. Det eine mannskapet måtte ’vike’ for det neste.
  • Sjøferda var meir enn ei vikes ’segling’.

Korleis desse kan ha gitt opphav til betydninga ’røvartokt’, brukt av skandinavane sjølve, er uklart for meg. Det finst sikkert fleire forslag til forklaring. Her er eitt som eg ikkje har sett diskutert:

  • Å dra ’i víking’ er eit legendarisk minne om dei første lange sjøferdene i robåt over Kattegat og Skagerak til Vika.

Rekonstruksjon av eikeskipet frå Nydam.

Dersom stadnamnet Vika er eldre enn 200 – 400 e.Kr. og dersom uttrykket ’víking’ etymologisk og lingvistisk kan ha noko med stadnamnet Vika å gjere, må dette vere ei interessant hypotese. Herjings - og koloniseringstokt mot Vika kom vel i gang nokre generasjonar før tokta mot Sørlandet og ekspansjonen til Jæren (Kvassheim ca 250 – 350?) og vidare langs ’Nordvegen’. Skip som Nydam-båtane var store nok til å krysse Kattegat og Skagerak med mykje folk. I tida vidare, fram til ca 580 e. Kr. , var det krig og uro i store deler av Sør-Skandinavia. Det er vel rimeleg at pionértokt kan ha gjort sterkt inntrykk heime (sør for Skagerak, på Jylland eller øyane), og at minnet om dei kan ha blitt omspunne av mytar og eventyr. Fire – fem hundreår seinare, i eit ’homogenisert’ og relativt fredeleg Skandinavia, er minnet om desse første sjøferdene borte, og ein kan vel tenkje seg uttrykket ’víking’ brukt om lange sjøferder for å sanke gods og gull, eller rett og slett om røvartokt med båt. Dei måtte dra langt nok heimanfrå til ikkje å risikere hemnaksjonar. Ifølgje Snorri slo Harald Hårfagre hardt ned på dei ’víkingane’ som herja på norskekysten, og han fylgde etter dei til Hjaltland, Orknøyane, Suderøyane, og så langt som til Man.

Ivar Fylling

Trondheim

Archaeological interpretation of the Nydam site

The remains of the ships represent three of at least six depositions of war-spoil dating from between 200 AD and 450 AD, which have been interpreted as the equipment of several beaten armies. From the combination of weapons it has been possible to suggest an organisational pattern of the iron-age armies. By far the largest amount of warriors were armed with lances, spears and a large circular shield, while a contingent of about a third had a sword of roman spatha design and a shield. An even smaller portion were archers, and several beautifully preserved longbows of yew and hazel and hundreds of arrow shafts have been excavated both by Engelhardt and during the recent campaigns. Finally a few finds of riding gear indicates a small contingent of cavalry. The Ship has recently been dated via dendrochronology to 310-320 AD, and the deposition is likely to have taken place 340-350 AD.

 Source: http://www2.rgzm.de/Navis/Ships/Ship007/Ship007Engl.htm